Krambua vart starta utifrå ei interesse for gamle møblar, gamle hus og gjenbruk.  Det finnes mengder av gode handlaga og tildels slitte møblar som diverre ikkje vert teke vare på.  Puss, mal og bruk gjerne tinga på ein ny måte, og tilpass inn i eit moderne interiør.  Møblar var tidlegare laga av beste kvalitet, fordi dei skulle vare,  gjerne i fleire generasjonar, og dei skulle tåle å verte brukte. Fin bruksslitasje seier vi no, og har stor glede av dette. 

Mange turar til bruktmarkeder i Frankrike gjorde ikkje interessa vår mindre, og vi har køyrt nokre lass med fine møblement og ting og tang til Norge. Dette tykkjer vi er  spennande.  I søreuropa hyller dei sola og varmen, og sterke fargar gjev energi. 

No kan vi nok ikkje konkurrere med andre bruktbutikkar i Norge, då vi faktisk kjøper alt vi har inn i butikken, i motsetning til f.eks Fretex som gjerne får slikt gratis for vidaresal og ditto inntekt til gode føremål, og det er jo ein bra ting. 

Vi prøver å halde god standard på vareutvalet vårt, og trur vi har greie prisar. Vi har ca 150 m2 med varer, og kafeen har 5 bord til gjestane.  I tillegg har vi ei stor terrasse som er fin å bruke i sommarhalvåret.

Sidan Arne - Gunnar er handy mann, så kan han fikse det meste. Han har bygd Krambua av utrangerte brakker, og det vart jo ganske flott.   Mary Anne er best på å rydde- og pynte, og halde i orden i papirer. Det kjekkaste er å trylle fram noko godt frå kjøkkenet og serverer gjestane i Cafè Petit. 

 

Ingen elementer funnet!

Vi er å finne i Hyllestad kommune, i Ytre Sogn blant fjord og fjell. Kommunen med kvernstein i kommunevåpenet, frå ein storindustri her som strekk seg heilt frå vikingtida. Fjellet Lihesten som strekkjer seg ut heile Hyllestadfjorden. Lihesten som synte seg fram i beste sendetid på 71º nord, med spektakulær og luftig overnatting i 700 meters høgde 

Kontakt oss